Møt Embicon på Heim igjen 2025!

Rubbestadneset
Foto: Daniel på jobb hos Embicon

Embicon AS held til på Rubbestadneset og utviklar teknologiske løysingar for overvaking og styring av utstyr og fartøy innan havbruk og maritim sektor.

Selskapet produserer blant anna høgteknologiske computerar frå kretskortnivå, via software, til brukargrensesnitt. Desse blir brukt i krevjande maritime miljø som krev høg kvalitet og stabilitet.

Eit anna produkt er Embilink: - eit skybasert system som samlar og visualiserer driftsdata frå fartøy, oppdrettsanlegg og landinstallasjonar – slik at kundane får betre innsikt og kontroll, uansett kvar dei er.

Selskapet har eit sterkt fokus på forsking og utvikling, og samarbeider tett med aktørar som Nogva Motorfabrikk, Mowi, SalMar og Bremnes Seashore for å utvikla framtidsretta løysingar. Dei har hatt solid vekst siste par åra, og vil ha behov for fleire automatikkarar og automasjonsingeniørar, programmerarar og dataingeniørar.

Møt Embicon på Heim igjen, der dei viser fram produkta og selskapet. Dei vil gjerne komma i kontakt med studentar og andre med interesse for teknologi.

Kontaktpersonar

Me ønskjer deg eit triveleg opphald her på Rubbestadneset!

Clement Stautland
Clement Stautland
Sales Manager, Wärtsilä
+47 931 88 112
clement.stautland@wartsila.com
K
Karl-Henrik Kongshavn
Salgssjef, LOS Marine
+47 908 37 436
karl.kongshavn@los-marine.no