Masterloop kjøpt opp av NAVTOR

Rubbestadneset
Foto: Anders Holme, NAVTOR Chief Technology Officer og Jan Helge Skailand, Masterloop grunnleggjar og CEO.

I 2021 flytta Jan Helge Skailand til Bømlo ogtok med seg bedrifta si Masterloop. Selskapet driv programvareutvikling inn mot maritim næring, og har mellom anna utvikla ein plattform for energioptimalisering for farty (Bluekey), men har i tillegg utvikla andre løysingar som ei løysing for utleige av syklar og app-en til Finnås Kraftalag. No har NAVTOR har kjøpt programvareselskapet Masterloop som ein del av sin vekststrategi.

Med ein solid portefølje innan (Internet of Things), AI og web-løysingar vil Masterloop styrkje NAVTOR sitt innovasjons- og utviklingsteam. Framover vil NAVTOR fokusere på datadriven effektivtet, yting og dekarbonisering for kundar, ved å integrere fleire løysingar inn i eit samankopla, digitalt økosystem. Masterloop har utvikla og levert en IoT plattform som vert brukt på mange ulike område. Denne får no NAVTOR ubegrensa tilgang til, i tillegg til kompetansen for vidare utvikling.

- Masterloop blir ein del av det digitale puslespelet til NAVTOR, der me skal arbeide vidare med å gjere livet enklare, tryggare og meir lønnsamt for shippingselskap over heile verda, seier Tor Svanes, grunnleggjar og CEO i NAVTOR. - Selskapet sin styrke innan IOT og maritim forståing, understøtta av Bluekey-plattforma Masterloop har utvikla, vil styrkje portefølja til NAVTOR innan intelligente, databaserte AI-løysingar som vil forenkle komplekse operasjonar innan maritim industri.

Frå CEO Tor Svanes: “Masterloop brings something new to the table, with fresh perspectives and broad experience gained from outside of shipping too. We believe they can help accelerate our innovation, as we push to deliver transformational technology for an evolving industry. It’s great to have them on board.”

Kontaktpersonar

Me ønskjer deg eit triveleg opphald her på Rubbestadneset!

Clement Stautland
Clement Stautland
Sales Manager, Wärtsilä
+47 931 88 112
clement.stautland@wartsila.com
Olav Urang
Olav Urang
Selgjar, LOS Marine
+47 901 64 690
olav.urang@los-marine.no