Kunnskapssmia opna – eit viktig samlingspunkt for framtida

Rubbestadneset

Onsdag 4. desember vart Kunnskapssmia offisielt opna på Rubbestadneset. Dette imponerande bygget står som eit tydeleg symbol på kor viktig samarbeidet mellom skule og næringsliv er for kompetanseutvikling og rekruttering på Bømlo.

Bømlo Næringsråd har heia på dette prosjektet heilt frå starten, og me er svært glade over å sjå det ferdige resultatet. Kunnskapssmia er meir enn eit bygg – det er eit kraftsentrum for framtida, der Bømlo vidaregåande skule, LOS Gruppen, LOS Elektro og Zinus møtast under same tak for å sikre relevant opplæring og framtidig arbeidskraft.

For oss i næringsrådet er samarbeid mellom utdanning og næringsliv heilt avgjerande for å løyse utfordringar med kompetansebehov og rekruttering. Kunnskapssmia er eit strålande døme på kva me kan få til når næringslivet, skulen og lokalsamfunnet går saman om felles mål.

Me gratulerer alle involverte med eit viktig og framtidsretta prosjekt. Dette er eit stort steg framover for Bømlo, og me gler oss til å følgje den vidare utviklinga av Kunnskapssmia!

Kontaktpersonar

Me ønskjer deg eit triveleg opphald her på Rubbestadneset!

Clement Stautland
Clement Stautland
Sales Manager, Wärtsilä
+47 931 88 112
clement.stautland@wartsila.com
K
Karl-Henrik Kongshavn
Salgssjef, LOS Marine
+47 908 37 436
karl.kongshavn@los-marine.no