bluesystems nytt medlem hos NMEC
Dagleg leiar Michael Conrad ser fram til samarbeid med andre medlemsbedrifter i NMEC.
I januar vart bluesystems AS medlem av NMEC. bluesystems er ei verksemd som leverer eit bredt spekter av IT-tenester, med særleg fokus på digitalisering av maritime operasjonar. Bedrifta er spesialisert på drift av IT-system, utvikling og drift av programvare og utvikling av ROV-teknologi innan maritim bransje og havbruk.
– bluesystems er eit selskap under utvikling, som har gått frå å vere eit IT-driftsselskap, til å bli ein programvareleverandør og leverandør av teknologiløysingar retta mot maritim industri, fortel dagleg leiar Michael Conrad. – Me ønskjer å vere eit ekstra tilbod til kundar ved kai på Rubbestadneset, og har samstundes eit sterkt ønskje om å vere ein partnar i utviklingsprosjekt for å utvikle nye løysingar saman med industrien.
bluesystems ser store fordelar med å bli med i NMEC-samarbeidet_. – Gjennom medlemsskapet har me forventningar til å utveksle kompetanse med dei andre medlemmane gjennom spanande utviklingsprosjekt, og kunne dra nytte av kvarandre sine nettverk for å utvide forretninga vår,_fortel Conrad.
Siste nyhende
Siste nyhende frå bedriftene på Rubbestadneset.
Me ønskjer deg eit triveleg opphald her på Rubbestadneset!
![Clement Stautland](/_next/image?url=%2F_next%2Fstatic%2Fimages%2Fclementstautland-1f1a2ff36c7640983f04ba0ebfa38c1b.jpeg&w=256&q=75)
![Olav Urang](/_next/image?url=%2F_next%2Fstatic%2Fimages%2Folavurang-747b7e481ec05ba1a530e8f73431400a.jpeg&w=256&q=75)